Den kulturelle skulesekken i Stord

Mål

Mål for DKS Stord

Alle barn i Stord kommune skal kvart år få oppleva kunst- og kulturuttrykk på eit høgt profesjonelt nivå innan kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst og film.

Barna skal:

  • Utvikla og bruka dei skapande og kreative kreftene dei har.
  • Bli kjende med prosessen fram til ferdig produksjon.
  • Kjenna at dei høyrer med i ein større kulturell samanheng.

Stord kommune administrerer ein lokal pott som går til DKS-tilbod, samstundes så har Vestland fylke ein eigen pott. I løpet av eit skuleår kjem det tilbod både frå kommunen og fylket.

Målgruppe

Elevar i dei ni grunnskulane i Stord kommune. Det finst seks barneskular og tre ungdomsskular på Stord. For tida gjev Stord kommune ikkje tilbod til barnehagesektoren.

Les meir om skuleorganiseringa på denne sida.

Informasjon til skule og lærarar

Tilbod til den kulturelle skulesekken

Om du er utøvar, produsent eller liknande kan du levera inn tilbod mellom 15. august til 1. oktober i portalen til Den kulturelle skulesekken. Her kan du velja kva region/ område tilboda skal gjelda for. Merk at tilbod som blir meldt inn gjeld for påfølgjande skuleår.

Klikk her for å levera tilbod til DKS i den nasjonale DKS-portalen. Lenke til et annet nettsted.

Ønskjer du berre å levera tilbod til Stord kommune? Då nyttar du skjemaet under.

Klikk her for å søknadsskjema til DKS Stord. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?