Kulturmiljø

Kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap er ein viktig del av identiteten vår – og ein ressurs for framtida. 

Stord kommune ønskjer at kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap skal forvaltast med tanke på ei berekraftig utvikling, og at utvalde kulturminne og kulturmiljø skal vera verna som dokumentasjon av fortida og som ressurs for framtida. 

Har du eit eldre hus, eit tun, eit naustmiljø, steingardar, spor i landskapet – eller bur du i eit verneverdig kulturmiljø og ynskjer å gjera endringar? Ta gjerne kontakt med oss tidleg. Det er ofte mykje som kan løysast med god dialog. 

Kva er kulturminne og kulturmiljø? 

Kulturminne er spor etter menneske sitt liv og virke – til dømes bygningar, anlegg, landskapstrekk, ferdselsårer og andre fysiske spor. Når fleire kulturminne høyrer saman og dannar ein heilskap, kallar me det eit kulturmiljø. Omgrepet kulturmiljø brukast og som samlenemning for kulturminne, kulturmiljø og -landskap.

Mange kulturminne er ikkje formelt verna, men kan likevel ha stor lokal verdi – og blir i praksis tekne vare på gjennom godt eigarskap og varsam forvaltning

Slik jobbar Stord kommune med kulturmiljøvern

Kommunedelplan for kulturmiljø er eit viktig grunnlag for kommunen sitt arbeid. Mellom anna betyr det at:

  • Planen er retningsgjevande for arealplanlegging og byggesaksbehandling, og skal vera ein reiskap for saksbehandlarar, eigarar og utbyggjarar.
  • Kulturmiljø og kulturminne som er prioriterte i planen skal takast omsyn til i planarbeid (kommuneplan, områdeplanar og reguleringsplanar).
  • Verneverdige område kan bli viste i plan som omsynssoner, og ved reguleringsplanar skal område/objekt i planen kunna regulerast til vern.
  • SEFRAK-registrerte bygg, i Stord er det alle bygg frå før 1940, skal vurderast kulturfagleg før byggesak blir avgjord (tilbygg, fasadeendringar, riving m.m.)

Skal du gjera tiltak på ein verneverdig bygning eller i eit verneverdig kulturmiljø? 

Det viktigaste rådet er: Ta kontakt før du set i gang. Då kan me avklara kva som gjeld i ditt tilfelle, og ofte finna gode løysingar som både tek vare på kvalitetane og gjer bygget brukbart.

Enkelt forklart:

Som ein forenkla hovudregel kan ein seia at endringar som er synlege utvendig ofte krev avklaring med kommunen. Det kan til dømes vera:

  • skifte av vindauge/dører
  • taktekking
  • kledning/listverk
  • fasadeendring
  • tilbygg
  • riving

Eining for arealforvaltning vurderer om tiltaket krev melding eller søknad. Reint vedlikehald (til dømes måling og mindre reparasjonar) kan ofte gjerast utan melding så lenge bygget sin karakter ikkje blir vesentleg endra.

For større eller meir komplekse tiltak er det som regel nyttig å be om førehandskonferanse. Då får du:

  • informasjon om planar og føresegner
  • råd om løysingar og dokumentasjon
  • avklaring av søknadstype og krav

Krav til dokumentasjon (når det er aktuelt)

I verneverdige kulturmiljø kan det i nokre saker vera behov for dokumentasjon, til dømes:

  • fotodokumentasjon og oppmåling ved riving eller større endringar
  • vurdering av kulturminneverdi ved tiltak på eller nær SEFRAK-bygg
  • skildring av korleis nye tiltak kan tilpassast (volum, material, uttrykk)

Målet er ikkje å gjera det vanskeleg – men å sikra at gode, varige verdiar ikkje går tapt.

Tilskot og støtteordningar 

Det finst ulike tilskot som kan vera aktuelle ved istandsetjing og bevaring. Les om ordninga som du kan søkja om via Stord kommune her.

Me kan rettleia om andre aktuelle ordningar og kva som kan passa for prosjektet ditt.

Finn kulturminne på kart 

Vil du sjå om eigedomen din ligg i eit verneverdig område eller har registreringar?

Forvalting

På nasjonalt nivå er det Riksantikvaren og på regionalt nivå er det fylkeskommunen som forvaltar kulturmiljøvernet. På lokalt har kommunen ansvar med heimel i plan- og bygningslova.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?