20. januar 2025, 09.37

Teaterfestivalen

Teaterfestivalen på Stord er for skodespelarar i alderen 7-21 år. I løpet av ei helg får ein stå på ei stor scene, bli med på kjekke aktivitetar og møta andre på same alder som elskar teater. Her handlar alt om speleglede, finna nye vener og skapa noko magisk saman.

Teaterfestivalen 2026 vil bli arrangert 10. - 12. april i Stord kulturhus. Klikk her for påmelding. Lenke til et annet nettsted.

Teaterfestivalen er ein viktig samlingsstad for barn og unge innan scenekunst i Vestland og Rogaland. Rundt 200 unge deltakarar viser teaterframsyningar for kvarandre og deltek på workshop og sosiale aktivitetar i løpet av ei tettpakka festivalhelg. Vestland fylke er økonomisk støttespelar for denne festivalen som blir arrangert av Stord teaterlag og Stord kommune.

Med lokal forankring og gode samarbeidspartar har Stord teaterlag og Stord kommune sidan 1985 klart å byggja opp ein møteplass for teaterfolk der spelegleda alltid er i fokus! Ikkje minst er dette ein stad der alle som ynskjer det kan få stå på scena og vera ein del av det unike fellesskapet ein teaterproduksjon er.

Skjema for påmelding til festivalen 2026 Lenke til et annet nettsted.

Er du leiar for meir enn ei teatergruppe/ teaterstykke? På grunn av avgrensingar i skjemaløysinga må du senda inn eitt skjema for kvar gruppe eller framsyning som skal delta på festivalen.

Festivaltidspunkt 2026: 10. - 12. april.

Frist for påmelding: 25. februar 2026.

Teateringress2.jpg

Alle opne teatergrupper med utøvande deltakarar i alderen 7 til 21 år kan delta.

  • Stykket må vera premiereklart når det kjem til festivalen (eller de kan visa utdrag).
  • Scenografien skal vera festivalvenleg (raske sceneskift).
  • Speletid 20 - 90 minutt 
  • Kort riggetid 10 - 15 minutt (maks 15 minutt opprigg, 10 minutt nedrigg) - de får riggehjelp på scena om de har behov for det.


Teateringress3

  • Ei helg (tre dagar) fullstappa av teaterstykker og ulike sosiale aktivitetar. 
  • Konsert, disco, spontan talentkonkurranse og teaterverkstadar/ workshops
  • Stor og god teaterscene
  • Erfarne, dyktige og kjekke teater- og dugnadsfolk
  • Hyggjelege og flinke teknikarar
  • Måltid heile helga og overnatting på sentral skule med vakthald
  • Og sjølvsagt, minner for livet!


x1024_2.jpg

Ei festivalhelg ser vanlegvis slik ut:

Fredag
Registrering/ innsjekk frå kl. 18. 
Kveldsmat rundt kl. 19:30
Aktivitetar frå kl. 19 - 22

Lørdag
Frukost frå kl. 09. Lunsj ca. kl. 13-14. Middag ca. kl. 18-19. 
Framsyningar og workshop frå kl. 9 til 21. 
Sosiale aktivitetar frå 19-21 (under 13 år) og fram til 22:30 for ungdom.

Søndag
Frukost frå kl. 09. Lunsj (bagett) ca kl. 13
Utsjekk skule innan kl. 11
Framsyningar og workshop frå kl. 10 til ca. kl 15
Festivalslutt ca. 15-15:30
 

Alternativ 1

  • Festivalpass med overnatting på skule 1050,-
    Inkluderer 2 overnattingar, alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

Alternativ 2

  • Festivalpass for deltakar som ordnar eigen overnatting 750,-
    Inkluderer alle måltid, framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

Alternativ 3

  • Festivalpass for deltakar som ikkje treng overnatting/ måltider 400,-
    Inkluderer alle framsyningar, aktivitetar og workshop heile helga.

FRIKVOTE: Vaksne gruppeleiarar og frivillige har gratis deltaking
(3 fri inntil 20 unge deltakarar, deretter 1 ekstra fri per 10 ekstra deltakarar. Pris for vaksne utover frikvote er 895,- per person.)

xmon_1024_2.jpg

Teatergrupper som har vore med dei siste åra:

-Askøy teaterlag, mellom
-Askøy teaterlag, ungdom
-Bergen musikkteater
-Bukkene Bruse, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Gjøglerne, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Global teater, Bergen kulturskole
-Haugatun mellom, Bergen kulturskole
-Haugatun ungdom, Bergen kulturskole
-Nordlys, Haugesund barne- og ungdomsteater
-Ny Krohnborg, Bergen kulturskole
-Soria Moria
-Spinae
-Stord teaterlag
-Åsatun mellom, Bergen kulturskole
-Åsatun ungdom, Bergen kulturskole

Priser

LeigesatsarIdeelle lag og organisasjonarPrivate verksemder
Kultursenteret/ speglsalen (same leigepris). Større lokale i kjellaretasje med plass for inntil 35 personar. (Inkluderer kjøken)525680
Tillegg per time utover 3 timar for leige av kultursenter/speglsalen100200
Møterom (Inntil 3 timar)315630
Tillegg per time utover 3 timar for leige av møterom100150

Storsalen

Konferanse/ liknande verksemd (inkl. videokanon og 1 mikrofon)

Inntil 3 timar på dagtid kr 1 575.

Over 3 timar på dagtid / kveld kr 3 150

Inntil 3 timar på dagtid kr 5 500.

Over 3 timar på dagtid/ kveld kr 11 000

Storsalen - kinoprojektor pr time500500
Storsalen - tilskiping kveld/dag med billettsal eller anna inntekt (inkl. kjøp av framsyningar)5 5005 500
Storsalen + prosentsats av inntekt+ 15% av inntekt over kr 10 000+ 15% av inntekt over kr 10 000
Storsalen + bilettavgift15Under kr 200 kr 15
Over kr 200 kr 20
Tilskiping kveld/dag utan billettsalg eller anna inntekt5 50011 000
Storsalen - øving (inntil 3 timar)300 for barnegrupper750 for vaksne
Storsalen - tillegg pr time300 for barnegrupper750 for vaksne
Husets lysutstyr (per framsyning)*7501 500
Husets lydutstyr ( per farmsyning)7501 500
Piano (stemming)1 2001 200
Småsalen - konferanse/ liknande verksemd (inkl. videokanon og 1 trådlaus mikrofon – må tingast på førehand)

Inntil 3 timar på dagtid kr 1 000.

Over 3 timar på dagtid./ kveld kr 2000

Inntil 3 timar på dagtid kr 1 750.

Over 3 timar på dagtid / kveld kr 3 500

Småsalen - tilskiping kveld/dag med inntekt2 0003 000
Småsalen - tilskiping kveld/dag med inntekt + 15% av inntekt over kr 10 000+ 15% av inntekt over kr 10 000
Tilskiping kveld/dag utan billettsalg eller anna inntekt2 0006 000
Vestibylar, kultursenter, kjøken inkl. bord og stolar (leigetakar må sjølv rigga til og rydda)3 1506 300
Vestibyle - festarrangement som krev ekstra reinhald (til dømes laurdagskveld)+ 2 000+ 2 000
Vestibyle + prosentsats av inntekt+ 15% av inntekt over kr 10 000+ 15% av inntekt over kr 10 000
Vestibyle - konsert/ utstilling utan inntekt00
Kulturhusvert utanom ordinær opningstid (per time)820 inkl. mva820 inkl. mva
Lysteknikar (per dag inntil 10 timar) deretter kr 650 pr/t4 2004 200

*Teknikar kjem i tillegg, sjå eigne satsar.

MERK: All utleige inntil kr 1 000 må betalast kontant eller med kort i kiosk/resepsjon 

NB! All bruk av teknisk utstyr eller teknikarar må avtalast i god tid før arrangement.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?