Hukommelsesteam
Kven er me?
Hukommelsesteamet består av ein ergoterapeut og ein sjukepleiar, begge i 20 % stilling. Teamet gjennomfører kartlegging éin gong i veka, og samarbeider tett med fastlegar, heimesjukepleien, Tildelingskontoret og anna helsepersonell i kommunen.
Kva kan me bidra med?
Kartlegging av funksjon og heimesituasjon
- Me gjennomfører ei heilskapleg vurdering av kognitiv funksjon, kvardagsmeistring og eventuell belastning hos pårørande. Ei slik kartlegging kan gi ei tidleg indikasjon på om utfordringane kan skuldast demens og er eit viktig ledd i vidare utgreiing hos fastlegen.
Informasjon, råd og rettleiing
- Me gir informasjon om relevante kommunale tenester og gir råd om korleis kvardagen kan leggjast betre til rette for personen med kognitiv svikt og for familien.
Bistand til søknad om hjelpemiddel
- Me hjelper med vurdering og søknad om hukommelses- og tryggleiksskapande hjelpemiddel.
Heimebesøk
- Me tilbyr heimebesøk etter ønske frå brukar eller pårørande. Heimebesøk gjer det mogleg å få eit realistisk bilde av kvardagen og å vurdere behov for tiltak
Korleis få tilbod frå hukommelsesteamet
For å få tilbod frå hukommelsesteamet må det sendast ei henvisning til kommunen. Det kan gjerast på følgjande måtar:
Kontakt fastlegen
- Me ynskjer i hovudsak at du eller pårørande tek kontakt med fastlegen. Fastlegen vurderer situasjonen og sender henvisning til kommunen med ynskje om demenskartlegging.
Kontakt Tildelingskontoret / demensrådgjeving
- Du eller pårørande kan òg ta kontakt med Tildelingskontoret/ Demensrådgjevinga. Dei kan då sende henvisning vidare og sørgje for at kartlegging blir sett i gang.
Prioriteringsnøkkel
Prioritet 1
Kjenneteikn: Situasjonar der utgreiing ikkje kan vente utan risiko for helsesvikt, funksjonstap eller utryggleik.
Kriterium:
- Akutt eller raskt utvikla kognitiv svikt observert av pårørande, heimebaserte tenester eller fastlege.
- Personar som bur åleine og har teikn på svikt som gir risiko for svikt i ADL, brannfare, fall eller feilmedisinering.
- Mistanke om demens hos personar utan nettverk eller med manglande innsikt som gjer situasjonen utrygg.
- Pasientar i overgang mellom tenester (t.d. nyleg utskriven frå sjukehus) der kognitiv svikt påverkar evna til å meistre heime.
Tidsfrist: Innan 1–2 veker, kartlegging så raskt som mogleg.
Prioritet 2
Kjenneteikn: Behov for kartlegging, men situasjonen er stabil, og det er ikkje fare for helsesvikt.
Kriterium:
- Gradvis utvikling av kognitiv svikt utan alvorlege tryggleiksproblem.
- Pårørande opplever auke i belastning, men brukar er trygg og forsvarleg ivaretatt.
- Fastlege ber om kartlegging for å støtte diagnostikk, men utan hast.
Tidsfrist: Kartlegging innan 4–8 veker.
Prioritet 3
Kjenneteikn: Situasjonar der nytten av hukommelsesteamet er til stades, men tidskritikaliteten er låg. Har kjent demens frå før, og har fleire helsetenester.
Kriterium:
- Svikt som allereie er godt fanga opp av fastlege eller heimebaserte tenester, og der ytterlegare kartlegging kan vente.
- Personar som blir følgt av spesialisthelsetenesta og der primærkartlegging allereie er gjort.
- Ønske om kartlegging utan at det er observert funksjonsfall eller utfordringar i kvardagen.
Tidsfrist: 2–3 månader eller etter kapasitet.
Sist oppdatert
