Til deg med kreft og dine pårørande

Her finn du informasjon om kva tilbod Stord kommune har til deg som har fått ein kreftdiagnose og dine pårørande. Målet er å bidra til tryggleik, føreseielegheit og betre livskvalitet i ein krevjande situasjon.

Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod som kan vera med å bistå kreftramma og deira pårørande i alle aldrar og alle fasar av sjukdomsforløpet.

Kva kan ein kreftkoordinator hjelpa deg med?

  • Koordinera og leggja til rette for at du og dine skal få ein best mogleg kvardag.
  • Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma, eller for pårørande
  • Ha oversikt over relevant tilbod og tenester for kreftpasientar og deira pårørande
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabiliteringsmoglegheiter
  • Samtale og støtte
  • Arbeida tverrfagleg. Samarbeide med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode

På kreftforeningen.no kan du sjå ein informasjonsfilm om kreftkoordinator i kommunen Lenke til et annet nettsted.

Oppstart: Mandag 5. januar
Tid: Mandager kl. 13:00–14:45
Varighet: 12 uker

Tilbodet er for deg som er under behandling eller har avsluttet behandling.

Innhold:

  • Gruppetrening: Leia av fysioterapeut (1 time) med tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening
  • Sosial samling: (45 min) med kreftkoordinator og ulike temaer – her deltar også ergoterapeut ved behov
  • Mogleik for overgang til treningssenter saman med fysioterapeut

Mål med tilbodet:

  • Økt livskvalitet og meistring 
  • Bedre fysisk form og meir energi
  • Sosialt fellesskap med andre i same situasjon
  • Informasjon om aktuelle tema
  • Individuell samtale og målsetting ved behov

Kvifor fysisk aktivitet?
Fysisk aktivitet gir helsegevinst – også etter kreftdiagnose. Det hjelper deg å kjenne kroppen, finne balanse og oppleve meistring. Aktivitet gir gode opplevelser saman med andre og kan bidra til å rette fokus mot det friske i deg.

Kostand: Du betaler eigenandel for fysioterapitimen opp til frikortgrensa. Du finn frikort og vedtak på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted.

Pakkeforløp heim er eit nasjonalt tilbod for alle som reiser heim frå sjukehuset med ein kreftdiagnose. Målet er å sikre god oppfølging og støtte i tida etter utskriving.

Forløpet inneheld tre frivillige samtalar:

  1. Første samtale skjer på sjukehuset
  2. Andre samtale skjer i kommunen etter 3–4 månader
  3. Tredje samtale skjer i kommunen etter 12–18 månader

Samtalane blir gjennomført av kreftkoordinator, fastlege eller sjukepleiar – avhengig av situasjonen din.

Slik fungerer det

  • Sjukehuset varslar kommunen via Tildelingskontoret
  • Kreftkoordinator tek kontakt med deg for vidare oppfølging
  • Dersom du allereie har heimetenester, er det ressurssjukepleiar som følgjer opp
  • Ved opphald på sjukeheim har sjukeheimslegen ansvar
  • Du kan også velje å ta kontakt med fastlegen sjølv

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?