Melding om båbrenning / eld utandørs
Her kan du melda frå om bålbrenning og eld utandørs.
Reglar
- Bålet skal bestå av treverk, ikkje bildekk, pappesker eller trykkbehaldarar. Ein kan ta med papir eller esker om det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lenge.
- Om det er mogeleg å leggja ut ein vass-slange, skal dette gjerast. Om ikkje dette er mogeleg skal det setjast fram bøtter til slukkevatn.
- Det må avtalast med grunneigar evt. miljøvernrådgiver om det kan brennast bål i det området det er søkt om å brenna bål.
- Om det er tørt og vind den dagen ein skal brenna, fell løyvet automatisk bort. Er det tvil om dette, skal spørsmålet føreleggjast brannsjefen. Nærare melding om dette kan verta gjeve i lokalavisa/nærradio.
- Når ein forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig.
Her finn du generelle reglar om brenning utandørs, som kva tid det er forbode å brenne m.m.
Slik melder du frå
Til meldeskjema for generell brenning utandørs Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (Du kjem til Rogaland brann og redning når du trykkjer på lenka, det er rett - då me har 110-sentral der)
Relatert informasjon
Sist oppdatert
Fant du det du var på jakt etter?
