Seksjonering
Eigarseksjonering er ein måte å dela opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg.
Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker.
Skjema
Til søknadsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Fyll ut skjemaet direkte på skjermen, skriv ut, signér og send eller levér skjemaet til:
Stord kommune
RBO (Regulering, byggesak, oppmåling)
Postboks 304
5402 Stord
Besøksadresse:
Rådhuset
Borggata 2
Priser
Eigarseksjonering
§ 4.1 Grunngebyr
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad kr 3 689,-
§ 4.2 Mangelfull søknad
Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 856,- per brev.
§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar
| Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande bygg | Gebyr |
|---|---|
| For ein til fire seksjonar, per søknad. | Kr 14 039.- |
| Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.n | Kr 1 785.- |
§ 4.4 Reseksjonering
| Reseksjonering | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| For ein til fire seksjonar | Per søknad | Kr 19 750,- |
| Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjon | Per seksjon | Kr 2 141,- |
§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige
Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 759,- per søknad.
§ 4.6 Tilleggsgebyr
Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret.
| Tilleggsgebyr | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Gebyr for synfaring | Per synfaring | Kr 3 213,- |
| Gebyr produksjon av ny planteikning | Per planteikning | Kr 2 856,- |
| Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedom | Per sak | Kr 4 759,- |
| Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven. | Per sak | Kr 9 756,- |
§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag
| Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag | Gebyr per sak |
|---|---|
| Sak som vert avvist | Kr 7 614,- |
| Sak som blir trekt før vurdering | Grunngebyr |
| Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak | Grunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr |
| Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søker | Grunngebyr + gebyr for mangelbrev |
| Sak som kommunen avslår | Fullt gebyr |
§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid.
Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 427,- per time.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
