Båttrafikk
Kystforvaltning og sjøtransport
Det er Fiskeri- og kystdepartementet som har ansvaret for farleiene på sjøen, fyr, merker og lostjenesten. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Hamnesektoren, som Stord Hamnestell høyrer til innunder, består av både store og små hamner. Dei store hamnene fungerar som sentrale nav i regionale og nasjonale transportnettverk, og det er difor ei sentral oppgåve å leggja til rettes for at desse fungerar som effektive terminalar i transportkorridorane og logistikkjeden.
Og, meir transport på sjø er miljøvennleg og tar tungtrafikken av vegen.
Stord Kommune er i hamnesamanheng rekna for å vera eit av knutepunkta i Sunnhordland.
Stord Hamnestell har to losse og lastehamner, Leirvik Hamn og Stord Hamn Eldøyane, samt fleire andre kaiar og tilhøyrande kai-areal. Eldøyane vart i 2011 og 2013 oppgradert for å kunna ta imot større båtar og laster. Vidare har REN AS etablert seg med beredskapslager for sjøkabel på ISPS-området til Stord Hamn, Eldøyane. Både Leirvik Hamn og Stord Hamn, Eldøyane er certifiserte ISPS-hamner, dvs. klassifisert i henhold til "International Code of the Security of Ships and of Port Facilities".
Sjøfart
Godsterminalen på Eldøyane
Godsterminalen for Stord og Sunnhordland ligg på Eldøyane. Her er to kaiar som er 50 og 80 meter lange, kai-pir og puller og ei minimumsdjupne på 9 meter.
Anlegget har 2500 m2 innelager og 10 000 m2 utelager. Vidare er det tollager og spedisjon, samt tilbod om hamnetenester i samband med lasting, lossing og mellomlagring.
Stord Hamn Eldøyane vart i 2011 og 2013 oppgradert for å kunne ta imot større lastebåtar. Både Leirvik Hamn og Stord Hamn, Eldøyane er certifiserte ISPS-hamner, dvs. klassifisert i henhold til "International Code of the Security of Ships and of Port Facilities".
Skipstrafikk
Følg med på skipstrafikken i Stord Kommune sitt hamneområde: MarineTraffic: Global Ship Tracking Intelligence | AIS Marine Traffic Lenke til et annet nettsted.
Priser
Straum
Pris per kWh kr 4
Dersom straumpris per kWh/time rekna ut i ettertid er høgare enn fastsatt pris , skal prisdifferansen fakturerast vidare til kunde i ettertid.
Fast tillegg for til- og fråkopling kr 350 ved kailigge utover 3 døgn. Ved tilkopling kailigge fram til 3 døgn er det ikkje tillegg.
Minstesats for forbruk kr 350
Prisane er eksklusiv mva.
Fartøy / flytande farkoster /andre maskiner som ligg fast eller over lengre tid i hamna skal betala straumkostnad, minimum 0,80 øre per kwh + nettleige + fast månadsleige for tilkopling av straum kr. 800,-.
Månadsleige (vinterlagring) av fritidsbåtar
Hamnestellet opnar for vinterlagring av fritidsbåtar i gjestehamna i Leirvik etter sommarsesongen og fram til påske påføljgande år.
| Storleik på båt | Pris |
|---|---|
| Båtar opp til 20 fot | kr 685 pr. mnd. |
| Båtar frå 20 til 25 fot | kr 875 pr. mnd. |
| Båtar frå 25 til 30 fot | kr 1 070 pr. mnd. |
| Båtar frå 30 til 40 fot | kr 1 425 pr. mnd. |
| Båtar frå 40 til 50 fot | kr 1 800 pr. mnd. |
| Båtar frå 50 til 70 fot | kr 2 130 pr. mnd. |
| Båtar over 70 fot | etter avtale. |
Båtplass i småbåthamna
| Storleik på båten | År |
|---|---|
| For ungdom under 18 år | kr 200 per mnd. |
| Under 20 fot | kr 6 624 |
| 21 til 25 fot | kr 9 108 |
| 26 til 30 fot | kr 11 302 |
| Over 30 fot | kr 580 per fot |
| Innskot kr 49 342 |
Vidare har me no tilbod om leige av båtplass i Leirvik Småbåthamn utan innskot:
Sum årleg leige Leirvik Småbåthamn utan innskot | |
under 20 fot | 11 730,90 |
fom 21 - 25 fot | 14 214,90 |
fom 26- 30 fot | 16 408,90 |
over 30 fot |
|
Kaiavgift ved gjestebryggene
Båt opptil 34 fot kr 290 per overnatting
Båt frå 35 - 49 fot kr 440 per overnatting
Båt over 49 for kr 600 per overnatting
Bruk av serviceanlegget og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på app. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.
Sist oppdatert
