Barnehage – eit trygt og godt barnehagemiljø

Kort fortalt

Barna skal ha det trygt og godt i barnehagen, sjå fram til å gå i barnehagen og oppleve å vere ein del av fellesskapet.

Beskrivelse

Også i barnehagen kan barn oppleve krenkjande åtferd. Dersom barnet din gong på gong opplever å bli halde utanfor eller bli erta, kan det kallast for mobbing. Då kan du melde frå til leiinga til barnehagen. Barnehagen pliktar å ta tak i saka umiddelbart. Mobbing i barnehagen kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje kjenner seg som ein del av fellesskapet. Det er ikkje så lett å få barnet til å fortelje, men her er ei liste over spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har venner i barnehagen?
  • Verkar som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne i barnehagen oppteken av korleis barnet ditt har det i barnehagen?

Målgruppe

Foreldre til barn i barnehagen.

Kriterier

I barnehagen skal det vere nulltoleranse for krenkjande åtferd, som utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova §§ 41, 42 og 43.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Barnehagen skal førebyggje krenkjande åtferd og skal jobbe kontinuerleg med å fremje helse, trivsel, leik og læring. Alle som jobbar i barnehagen skal gripe inn umiddelbart dersom dei ser eit barn som blir utsett for krenkingar. Dersom det er du som foreldre/føresett som melder inn til barnehagen, kan du gjere det til leiinga til barnehagen. Leiinga til barnehagen skal straks undersøkje saka og så godt som mogeleg, setje inn tiltak som vil forbetre situasjonen. Samtidig vil barnehagen lage ein skriftleg plan. I planen skal det stå:

  1. kva problem tiltaka skal løyse
  2. kva tiltak barnehagen har planlagt
  3. når tiltaka skal gjennomførast
  4. kven som skal gjennomføre tiltaka
  5. når tiltaka skal evaluerast.

Klagemulighet

Er du misfornøgd med forhold i barnehagen kan du ta det opp med leiinga til barnehagen. Det er leiinga til barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre. Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.


2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 18.09.2023

Prisar

Søsken må bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:

  • For første barn må du betala vanleg pris
  • For søsken nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon
  • Gratis barnehageplass frå og med søsken nummer tre

3 dagar pr. veke kr 1 403.(ny pris frå 01. august kjem)

5 dagar pr. veke kr 1 200

Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.

Det vert gitt 30 prosent søskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er det gratis barnehageplass.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?