Eldreomsorg - verdigheitsgarantien
Kort fortalt
Tek du imot tenester frå den kommunale eldreomsorga, skal du så langt det er mogleg få eit verdig tenestetilbod som er tilpassa dei individuelle behova dine. Du har rett til sjølvråderett og skal møte respekt for den du er og for livsførsla di.
Beskrivelse
Dersom du tek imot tenester frå den kommunale eldreomsorga, skal du så langt det er mogleg få eit verdig tenestetilbod som er tilpassa dei individuelle behova dine. Du har sjølvråderett og skal møte respekt for den du er og for livsførselen din. Ein skal ta omsyn til
- at du har ei buform som er riktig ut frå ditt behov og din tilstand
- at du har eit variert kosthald og tilpassa hjelp ved måltid
- at du har eit mest mogleg normalt liv, med ein normal døgnrytme og høve til å komme ut i friluft og få nødvendig hjelp til personlig hygiene
- at du får tilbod om samtalar om eksistensielle spørsmål
- at du får lindrande behandling og ein verdig død
- at du held ved lag eller aukar høvet til å fungere i kvardagen
- at du får forsvarleg oppfølging av lege og anna personell
- at du får einerom dersom du bur på ein helseinstitusjon
- at du får bu med ektefellen din dersom de ønskjer det.
Målgruppe
Eldre
Kriterier
Du tek imot omsorgstenester etter helse- og omsorgstenesteloven eller lov om sosiale tjenester i Nav. Det kan til dømes vere heimehjelp, heimesjukepleie eller sjukeheimsplass.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ein lovpålagd rett. Sjå spesielt:Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
Verdighetsgarantiforskriften.
Lover
Klagemulighet
Du kan klage på at dei individuelle behova dine ikkje blir tekne vare på eller på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Etter pasient- og brukarrettigheitslova kan du òg klage direkte til helsetilsynet i fylket.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.03.2021
Sist oppdatert
