Fyrverkeri - handel og oppbevaring

Kort fortalt

Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve av kommunen.

Beskrivelse

Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve frå kommunen. Til å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Godkjenning for å oppbevare fyrverkeri blir gjeven for mengder til og med 500 kg. For større mengder enn dette må du ha godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Kriterier

  • Verksemda skal peike ut ein kompetent person over 20 år og ein eventuell avløysar med dokumenterte kunnskapar og politiattest. Ein av desse skal vere til stades når salet skjer.
  • Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og må leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Utsalsstaden må minst dekkje dei krava i byggjeforskriftene som gjeld til kvar tid, og må i tillegg møte ei rekkje andre tryggleikskrav.
  • Sal og utlevering er ikke lovleg inne i kjøpesenter eller nærare enn 25 m frå bensinstasjonar.
  • Sal til forbrukar kan berre skje i perioden 27. til 31. desember og skal skje i handelslokale, over disk og av personale.
  • Fyrverkeri som blir selt i Noreg, skal vere påtrykt eit godkjenningsnummer som er sett saman av bokstavane NBL følgt av ein talkode. Godkjenninga skal sikre at fyrverkeriet opptrer slik det er føresett ved bruk, og ikkje gjer skade på personar og eigedom.

Pris for tjenesten

Kommunen kan ta eit gebyr for saksbehandling og tilsyn.

Samarbeidspartnere

Noregs branntekniske laboratorium godkjenner fyrverkeri på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Regelverk

Sjå forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff § 1-3 for definisjon av fyrverkeri klasse I-IV. Sjå òg kapittel 9 Handel.

Lover

Praktiske opplysninger

Saksbehandling

Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved sals- og lagringsstaden. Også kompetansen til den ansvarshavande/avløysaren (dokumentasjon om gjennomført kurs) vil bli vurdert.

Deretter blir det gjort eit vedtak.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplysningar om når ein kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som avgjer om klagen skal takast til følgje.


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024

Prisar

Sakshandsaming og tilsyn fyrverkeri kr 2 500

Fornying av løyve til sal av fyrverkeri kr 1 250

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?