Fysioterapi

Kort fortalt

Fysioterapi er ein del av helsetilbodet vårt. Dersom du har dårlegare funksjonsevne på grunn av alder, sjukdom eller ein skade, kan fysioterapeutane våre hjelpe deg. Fysioterapeutar undersøkjer, behandlar og gir opptrening.

Beskrivelse

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Målgruppe

Eldre, personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde

Kriterier

Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.

Pris for tjenesten

Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut. For 2025 er eigenandelstaket 3278 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort som ligg digitalt på helsenorge.no. Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg. Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder

  • born under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)
Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.
Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 17.02.2025

Prisar

Eigenenandel for fysioterapi, vert endra kvart år per 1. juli. Det er same frikort som for lege. 

Egenandeler hos fysioterapeut - Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

TilbodPris
Utlån av kommunale hjelpemiddel i 6 mnd.kr 470
Frisklivstenesterkr 355 per frisklivsresept
Serviceoppdrag

kr 398 per time 

Du må betale for serviceoppdrag.

Unntak: Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang.

Transport av hjelpemiddel (serviceteneste/heimebaserte tenester/innsatsteam)

kr 398

Du må betale for transport av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager.

Unntak: Transport av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang.

 

Transport av hjelpemiddel frå NAV er gratis

Handtakkr 230
Manglande oppmøte til avtalekr 350
For gruppetreninga som einingane drivkr 355 per semester 
Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gardkr 47 per dag
Varm lunsj  i Arbeid og aktivitet, per måltidkr 60
Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd.kr 60
Terapibadingkr 116

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?