Helse- og omsorgstenestetilbod til innsette i fengsel
Kort fortalt
Innsette i fengsel har rett til dei samme helse- og omsorgstenestene som innbyggjarane elles.
Beskrivelse
Det er eit viktig prinsipp at innsette i fengsel har rett til dei same helse- og omsorgstenestene som resten av befolkninga har. Tilbodet skal vere tilpassa behova til den enkelte. Retten til nødvendig helsehjelp tyder ikkje at ein har rett til eit bestemt medikament eller ei bestemt behandling. Her som utanfor fengselet er det faglege vurderingar som skal leggjast til grunn. Kommunen som fengselet ligg i, skal sørgje for at innsette har tilgang på
- allmennlegeteneste
- legevaktordning
- sjukepleieteneste
- fysioterapiteneste
- jordmorteneste.
- helseundersøkingar
- utarbeiding av individuell plan
- legemiddelassistert rehabilitering
- tannbehandling
- førebyggjande tiltak
- tilrettelegging for tida etter frigjeving.
Målgruppe
Innsette i fengsel.
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis. Unnataket er omfattande tannbehandling, som den innsette må betale sjølv.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnere
- Helse- og omsorgsdepartementet
- Helsedirektoratet
- Statens helsetilsyn
- Fylkeskommunen
- Dei regionale helseføretaka
- Kriminalomsorga
- Nav
- Barnevernstenesta
Regelverk
Kommunen har ansvar for helsetenesta i fengsel som ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-9.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Den innsette skal så raskt som mogleg etter fengsling få informasjon om helse- og omsorgstenestetilbodet. Innsette som ber om det, skal få tilbod om helseundersøking eller konsultasjon hos lege.
Klagemulighet
Innsette i fengsel har klagerett på same måten som resten av befolkninga. Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 20.12.2024
Sist oppdatert
