Innsatsteam
Innsatsteamet er ein del av tildelingskontoret og består av tre sjukepleiarar.
Dei skal leggja til rette for at ferdigbehandla pasientar på sjukehus kan takast i mot av kommunen.
Innsatsteamet samarbeider tett med pårørande, sjukehus, kommunal ergo- og fysioterapeut, fastlege, velferdsteknologi, heimebaserte tenester og psykisk helse og rus.
Målgruppe
Tenesta er for deg som har behov for oppfølging i samband med utskriving frå sjukehus.
Innsatsteamet skal følgja opp dei brukarane som er nye for Stord kommune og som ikkje treng meir oppfølging enn 1–2 gongar per veke i inntil 2 veker etter sjukehusopphald, med mål om å avgrensa eller unngå helsetenester.
Retteleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Rutine er at Innsatsteamet opprettar kontakt med brukaren på sjukehuset for kartlegging før heimreise. Ved behov blir det oppretta kontakt med pårørande for kartlegging av bustad. Målet med dette er å oppnå gode pasientforløp.
Prisar
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 245 | 0 |
| 2G - 3G | 2 353 | 588 |
| 3G - 4G | 3 529 | 588 |
| 4G - 5G | 4 705 | 588 |
| Over 5G | 5 882 | 588 |
Eigenbetaling per mnd/time
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Manglande oppmøte til avtale | kr 350 |
| For gruppetreninga som einingane driv | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Fellesfunksjonar
- Innbyggjardialog / digihelse
- Kontakt heimebaserte tenester
- Brukarretta tenester
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Tildelingskontoret
- Hjelpemiddel
- Servicetenesta
- Hjelpemiddel i heimen
- Heimehjelp
- المساعدة المنزلية
- Ruoktoveahkki
- Home Assistance
- Aide à domicile
- Социальное обслуживание на дому
- Ev işlerinde yardım
- Hjemmehjelp
- Dikšu eallima loahpageahčen
- End-of-life care
- Pleie i livets sluttfase
- Pleie i livets sluttfase
- Soins palliatifs
- Yaşamın son aşamasında bakım
- Уход за умирающим пациентом
- الرعاية في المرحلة النهائية في الحياة
- Heimesjukepleie
- التمريض المنزلي
- Hjemmesykepleie
- Home Nursing Care
- Ruovttubuohccedikšun
- Soins à domicile
- Медсестра-сиделка
- Evde hasta bakımı
- Velferdsteknologi
- Hjelpemiddel
- Åsen bustadar
- Husahaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Studalen bustadar
- Avlasting
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
Sist oppdatert
