Innsynsrett i offentlege dokument

Kort fortalt

Alle innbyggjarar, næringsdrivande og mediet kan be om innsyn i kommunen sin offentlege informasjon. Innsynrett er ein rett til å sjå offentlege dokument og all offentleg informasjon som er lagra. Det finst reglar som avgrensar denne retten, men alle saksdokument skal i utgangspunktet vere opne for innsyn.

Beskrivelse

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte. Eksempel på dokumenttypar du kan krevje innsyn i er:

  • politiske møter
  • byggjesaker
  • kommunale planar
  • revisjonsrapportar
  • kunngjeringar frå kommunen.

Målgruppe

Dette er ein allmenn rett som gjeld heile befolkninga.

Kriterier

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.

Pris for tjenesten

Kommunen kan ta betalt for utskrifter, kopiar og utsending når talet er over 100 sider i ei sak. Då kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar. Viss informasjonen som du krev innsyn i må omarbeidast for at du skal kunna lesa han, kan kommunen ta betalt for omarbeidinga. Kommunen ta også betaling for kart og eigedomsinformasjon. I alle desse tilellene, skal ikkje betalinga vera høgare enn kostnadene til kommunen.

Regelverk

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.

Saksbehandlingstid

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan éin til tre virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klagemulighet

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har teke imot kravet. Dette blir da rekna som eit avslag. Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 25.02.2025

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?