Konfliktråd
Kort fortalt
Konfliktrådet hjelper deg å løyse ein konflikt gjennom mekling og dialog. Det finst konfliktråd over heile landet, og tilbodet er gratis.
Beskrivelse
Konfliktrådet har til oppgåve å arrangere møte mellom partar i konfliktar som oppstår fordi éin eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap eller ei anna krenking. Konfliktrådet er eit statleg konfliktløysingsorgan og behandlar både sivile saker og straffesaker. Eksempel på sivile saker er grannekonfliktar, familietvistar og mobbing. Eksempel på straffesaker er vald, truslar og nasking. Konfliktråda skal mellom anna
- arrangere møte mellom partar i sivile saker
- gjennomføre møte i straffesaker overførte frå påtalemyndigheita eller domstolen
- gjennomføre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Kriterier
Konfliktrådsbehandling krev som regel samtykke frå begge partar. Unntak gjeld for dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, der den krenka si deltaking og samtykke ikkje er påkravd.
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnere
12 konfliktråd dekkjer alle kommunane i landet. Sekretariatet for konfliktråda har ansvaret for drift og fagleg utvikling av konfliktråda. Konfliktråda samarbeider med kommunane om å nemne opp meklarar. Konfliktråda samarbeider elles med
- lensmann og politi
- kriminalomsorgen
- domstolane
- skule og barnevern.
Regelverk
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten ved telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.
Saksbehandling
Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.
Saksbehandlingstid
Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).
Klagemulighet
Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen må rettast til konfliktrådet. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Sist oppdatert
