Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom

Kort fortalt

Dersom du arvar, kjøper eller tek imot fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon, som er løyve til å ta over eigedommen. Fast eigedom er for eksempel hus, gard eller ubebygd tomt eller andre areal. Siktemålet med konsesjonsreglane er å sikre busetjing. Det er kommunen som avgjer søknader om konsesjon.

Beskrivelse

Eigedommar som er fritekne for konsesjon

  • Hovudregelen er at du kan ta over ein eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje meir enn 35 dekar dyrka jord utan å søkje om konsesjon.
  • Ei tomt som er lagd ut til bustad- eller fritidsformål er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
  • Ubebygd areal som ikkje skal brukast til landbruk
  • Overtaking av eigedom frå nær familie
  • Når du som tek over eigedommen har odelsrett. Men då har eigedommen buplikt.
Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Dette gjer du til kommunen. Søkje om konsesjonDersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon. Konsesjon og bupliktDersom du ikkje har tenkt å bu på eigedommen, må du søkje om konsesjon utan buplikt.

Kriterier

Søkje om konsesjon Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon. Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:

  • at den avtalte prisen er innanfor ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling
  • omsynet til busetjinga i området
  • at overtakinga tek vare på ei driftsmessig god løysing
  • at den som tek over blir rekna som skikka til å drive eigedommen
  • at overtakinga tek vare på omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet

Pris for tjenesten

Du må betale eit gebyr for handsaminga av søknader om konsesjon.

Regelverk

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.

Vedlegg

Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.

Saksbehandling

Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Klagemulighet

Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Prisar

Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker

For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.

For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)

Havbrukssaker

Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?