Leirskule og skuleturar

Kort fortalt

Leirskule er ein skuletur med overnatting som er ein del av opplæringa i grunnskulen. Undervisinga vil i stor grad skje utandørs, anten på fjellet eller ved sjøen der leirskulen ligg.

Beskrivelse

Leirskule eller skuletur med minst tre overnattingar er ein del av den obligatoriske grunnskuleopplæringa.
Skulane skal sjølv kunne velje korleis turen skal organiserast ut frå lokale forhold og høve. Krava som blir stilte, er at turen må ha ei lengd på minst tre overnattingar og at ein del av aktivitetane på turen skal vere opplæring. Turen skal planleggjast saman med elevar og foreldre, og det skal takast omsyn til ulike behov blant elevane.

Kriterier

Alle elevar skal ha høve til å delta på ein leirskule eller skuletur. Det gjeld òg elevar med funksjonshemming. Du kan ikkje utestengast frå skuleturar på grunn av dårleg orden eller åtferd.

Pris for tjenesten

For eleven er leirskuleopphaldet gratis. For skuleturar utanom leirskule kan det koma kostnader til mat. Turen treng ikkje finansierast av skulen. Ein skuletur kan til dømes finansierast ved hjelp av dugnad, småjobber eller loddsalg. Ein føresett eller ein foreldregruppe kan donera pengegåver til ein slik skuletur, men gåva må gjevast anonymt, og må koma heile elevgruppa til gode.

Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Regelverk

Skuleturar med overnatting er ein lovpålagd del av grunnskuleopplæringa. Sjå opplæringslova § 4-6.

Lover


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?