Lekser og leksehjelp

Kort fortalt

Leksehjelp er noko alle skular tilbyr. Leksehjelp er ikkje berre hjelp til lekser som er gitt, men ei hjelp til alt skulearbeid.

Beskrivelse

For nokre skular er det politisk bestemt at skulen skal vere leksefri. Når dette ikkje er bestemt, er det opp til kvar enkelt skule om dei skal gi lekser. Alle skular har leksehjelp, anten skulen din gir lekser eller ikkje. Det kan variere ved kvar skule korleis leksehjelpa blir gitt. Tilbodet om leksehjelp kan gjelde alle elevar, eller det kan gjelde enkelte trinn eller berre eit visst tal elevar.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Pris for tjenesten

Leksehjelpa er gratis.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 4-4 og § 10-6.
Opplæringsforskrifta § 2-1.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Leksehjelp er noko alle skular tilbyr, men det er ikkje noko som foreldre kan søkje om, då det er del av oppdraget til skulen. Skulen vil gi informasjon om leksehjelpeordningane.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?