Mellombels butilbod

Kort fortalt

Kommunen skal hjelpe deg med å finne ein mellombels stad å bu dersom du ikkje har ein stad å sove og bu neste døgn.

Beskrivelse

Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).

Kriterier

Du treng bustad i eit nødstilfelle.

Pris for tjenesten

Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.

Regelverk

Tenesta er lovpålagd. Sjå Lov om sosiale tjenester i NAV § 27 Midlertidig botilbud

Lover

Saksbehandlingstid

Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.

Klagemulighet

Dersom Nav avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Før opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Lèt Nav vedtaket bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?