Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket
Kort fortalt
Dersom du eig ein landbrukseigedom og planlegg utvikling kan du søkje om tilskot til investering eller bedriftsutvikling i landbruket.
Beskrivelse
Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til
- Ressursavklaring for investeringar
- Etablering av ny verksemd
- Bedriftsutvikling
- Investeringar i produksjonsanlegg
- Investeringar i frukt- og bærdyrking
- Investeringar i samband med generasjonsskifte
- Investeringar i gjødsellager.
Målgruppe
Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket
Regelverk
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen og Innovasjon Noreg kan gi rettleiing til korleis å fylle ut søknaden. Søknaden blir behandla av Innovasjon Noreg, medan kommunen gir ei fråsegn om forhold som kan få noko å seie for prosjektet.
Saksbehandlingstid
Innan éin månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal du få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 28.06.2023
Sist oppdatert
