Opplæring i og på samisk
Kort fortalt
Samiske elevar har rett til opplæring i samisk språk, anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Avhengig av kvar du bur, kan du ha rett til at opplæringa også utanom språkopplæringa skal gå føre seg på samisk.
Beskrivelse
Viss du er samisk, har du rett til å få språkopplæring i samisk. Du kan velje mellom nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Samtidig blir du fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk og skriftleg sidemål. Du har rett til å få opplæringa på samisk viss du bur i ein av desse kommunane: Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Tana, Porsanger, Kåfjord, Lavangen, Tjeldsund, Hattfjelldal, Hamarøy, Røyrvik, Røros og Snåsa. Også elevar som ikkje bur i språkutviklingskommunar for samisk, kan få opplæring i samisk og på samisk. Det krev at de er ei gruppe på minst 10 elevar. Då vil de ha rett til å få opplæringa i ei gruppe. Fram til 7. trinn er det foreldra som vel om eleven skal ha opplæring i samisk språk eller på samisk. Frå og med 8. trinn er det eleven sjølv som vel.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Kriterier
Det kan hende at den samiske opplæringa skjer på ein annan skule enn den eleven går på.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova § 3-2 og samelova kapittel 3
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Meld frå til skulen dersom barnet ditt er samisk og du ønskjer at barnet skal få opplæring i samisk. Skulen fattar så eit enkeltvedtak om å gi opplæring i samisk eller i og på samisk.
Saksbehandling
Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Sist oppdatert
