Rådgiving i grunnskulen

Kort fortalt

Som elev i grunnskulen skal du få rådgiving om val av utdanningar og yrke. Du skal også få rådgiving om personlege eller sosiale forhold. Rådgivinga skal du få på den skulen du går på, og individuelt om du ønskjer det.

Beskrivelse

Som elev i grunnskulen vil du få både generell informasjon om utdanningar og yrke, og også rådgiving som er tilpassa din alder, klassetrinn og dine ønske og interesser. Ønskjer du råd om saker som ikkje gjeld opplæringa eller val av utdanningar, skal du få det òg. Råd og samtalar om det som gjeld deg personleg, kan du få på skulen, til dømes av helsesjukepleiar i skulehelsetenesta.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 16-1 og § 16-2.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Både foreldre og elevar vil få informasjon frå skulen om korleis rådgivinga vil gå føre seg. Målet er å bevisstgjere elevane på vala dei har innanfor utdanning og yrkjer, og hjelpe dei til å tenkje langsiktig og komme i gang med planlegginga. På grunnskulenivå handlar dette i stor grad om at elevane skal bli kjent med seg sjølv, sine interesser og moglegheiter. Det sosiale livet og personlege forhold vil vere med på å påverke korleis elevane har det på skulen, kor motiverte dei er eller korleis dei lærer. Det sosiale aspektet er derfor del av rådgivingsansvaret til skulen.

Klagemulighet

Rådgivinga er eit ansvar skulen har, men det er ikkje noko foreldre kan søkje om, og det er heller ingen formelle klagemoglegheiter. Du kan når som helst kontakte leiinga i skulen og be om ein samtale om korleis de best kan følgje opp barnet ditt.


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 29.05.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?