Reklameskilt langs veg
Kort fortalt
Du må søkje om løyve til å setje opp skilt langs kommunal veg av omsyn til trafikktryggleiken. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebanen eller på vegkanten, er forbode.
Beskrivelse
Du må søkje om å få setje opp reklameskilt ved vegen av omsyn til trafikktryggleiken. Det kan vere informasjon om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt arrangement. Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb. Uansett avstand frå vegen må du søkje dersom skiltet er retta mot trafikken eller er synleg for vegfarande. Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom du set opp skilt utan løyve, og kommunen må fjerne det, må du betale det det kostar. Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan la vere å gjere det dersom det hastar med å fjerne skiltet.
Målgruppe
- Næringsdrivande
- Organisasjonar
- Privatpersonar
Kriterier
Du treng ikkje søkje dersom du skal setje opp
- namneskilt eller reklame for eiga verksemd og som er plassert på sjølve bygningen der verksemda blir driven, såframt det ikkje påverkar trafikktryggleiken
- skilt i kryss med privat veg, slik som adresseskilt eller "Køyr langsamt, born leikar"
Regelverk
Se veglova §§ 33 og 57, vegtrafikkloven § 5 og plan- og bygningsloven § 30-3.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen kan gje deg meir informasjon om kva det kan gjevast løyve for, kva som ikkje er tillate, og kva du kan gjere utan å søkje om løyve.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Sist oppdatert
