Skulefritidsordning

Kort fortalt

Skulefritidsordning (SFO) er eit tilbod om leik og fritidsaktivitetar før og etter skuletid. Har du barn i 1. til 4. trinn kan du søkje om plass for barnet i skulefritidsordninga.

Beskrivelse

Skulefritidsordninga har sitt eige verdigrunnlag. Den skal bidra til trivsel og gle i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til elevar i 1. til 4. trinn og til elevar med særskilde behov i 1. til 7. trinn.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Pris for tjenesten

12 timar gratis SFO for 1. til 3. trinn

Elevar på 1., 2. og 3. trinn får 12 timar gratis SFO. For dei som har deltidsplass, vil dette bety gratis SFO.

Redusert betaling for elevar på 1. til 4. trinn.

Viss den ordinære prisen er meir enn 6 % av den samla årlege inntekta til familien, har du rett til ein redusert pris.

Barn med særskilde behov

Dersom du har eit barn med særskilde behov og som dermed får eit SFO-tilbod, skal tilbodet vere gratis for barn i 5.- 7. trinn.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 4-5 og opplæringsforskrifta kapittel 2.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan søkje til kommunen om plass på skulefritidsordninga. I søknaden spesifiserer du om du har krav på redusert betaling eller om du har barn med særskilde behov.

Saksbehandling

Før kommunen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Kommunen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Prisar

Type tilbodKroner
100 % plass eks. leksehjelp3 651***
80 % plass eks. leksehjelp3 017***
60 % plass eks. leksehjelp2 296***
50 % plass eks. leksehjelp1 978***
Full plass skulefrie dagar (Rommetveit SFO)4 146***
Full plass sommarope juni 2026 (Rommetveit SFO)2 563***
Full plass sommarope august 2026 (Rommetveit SFO)1 707***

*I satsane er det gjort fråtrekk for 12 timar gratis SFO.
**Gratis kjernetid vert gitt rett etter skuleslutt med 2,5 timar måndag til torsdag og 2 timar på fredag.
*** i samband med revidering av forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning (SFO) blir det nye plasstypar frå hausten 2026 innført

Barn på 1. til 4. trinn har rett til inntektsgradert foreldrebetaling. Det vil seia at ingen familiar skal betala meir enn 6% av brutto årsinntekt per born. 

Frå hausten 2026 gjeld desse prisane


Etter skuleslutt

Kr 3017

Før og etter skuleslutt

Kr 3651

Før skulestart

Kr 1978

Type tilbodKroner
Gratis kjernetid0
Gratis kjernetid utvida med morgon-SFO1 290***
Gratis kjernetid utvida med ettermiddags-SFO590***
Gratis kjernetid utvida med morgon- og ettermiddags-SFO1 880***
Full plass skulefrie dagar (Rommetveit SFO)3 592***
Full plass sumarope juni 2026, Rommetveit SFO1 915***
Full plass sumarope august 2026, Rommetveit SFO1 275***

*I satsane er det gjort fråtrekk for 12 timar gratis SFO.
**Gratis kjernetid vert gitt rett etter skuleslutt med 2,5 timar måndag til torsdag og 2 timar på fredag.
*** i samband med revidering av forskrift om vedtekter for kommunal skulefritidsordning (SFO) blir det nye plasstypar frå hausten 2026 innført

Barn på 1. til 4. trinn har rett til inntektsgradert foreldrebetaling. Det vil seia at ingen familiar skal betala meir enn 6% av brutto årsinntekt per born. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?