Skulemiljø - det psykososiale miljøet
Kort fortalt
Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen. Det betyr mellom anna at barnet ditt ikkje skal bli utsett for utestenging, mobbing eller plaging, verken frå andre elevar eller lærarar. Viss barnet ditt ikkje har det trygt og godt, har ho eller han rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.
Beskrivelse
Når nokon ikkje har det trygt og godt på skulen eller på veg til eller frå skulen, skal skulen stoppe det. Det beste er å seie frå til skulen så snart som mogleg. Det gjeld om det er barnet ditt ikkje har det trygt og godt, eller om du ser nokon som blir plaga av andre. Du kan seie frå til kven som helst som jobbar på skulen.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
- Retten til et trygt og godt skolemiljø Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Melde fra om mobbing til statsforvalteren Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Om digital mobbing og personvern Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Du bestemmer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Null mobbing Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Barneombudet om mobbing Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rundskriv om skolemiljø (Udir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova kapittel 12.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Viss du som elev i grunnskulen ikkje har det trygt og godt på skulen, eller på skulevegen, kan du melde det til kven som helst som jobbar på skulen. Både elevar og foredre kan melde dette. Den du har meldt til, vil melde vidare til rektor. Når skulen får kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, vil skulen straks gjere ei undersøking. Undersøkingane vil gjerne vere i form av samtalar og møter med elevar, foreldre og tilsette ved skulen. Viss undersøkingane fører til tiltak, skal desse skriftliggjøres i ein plan, slik at dei seinare kan evaluerast. For å vere heilt sikker på at det du seier blir teke på alvor, kan du sende ei eiga melding til statsforvaltaren, etter at du først har meldt til rektor. Les meir om melding til statsforvaltaren her: Melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø Lenke til et annet nettsted..
Klagemulighet
Viss du meiner at rektor ikkje har gjort nok for at du skal kjenne deg trygg og ha det godt på skulen, kan du melde saka vidare til statsforvaltaren. Statsforvaltaren vil undersøkje, ta ei avgjerd, og kan stille krav til skulen.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Sist oppdatert
