Tekniske hjelpemiddel - utlån
Kort fortalt
Er du funksjonshemma eller har vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel.
Beskrivelse
Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.
Kriterier
Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.
Pris for tjenesten
Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.
Samarbeidspartnere
Nav Hjelpemiddelsentral i fylket
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. SjåFolketrygdloven kap. 10
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 og § 3-2
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 9 og § 22
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.
Saksbehandling
Kommunen kartlegg hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.
Saksbehandlingstid
Kommunen / Nav Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2018 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 01.03.2018
Sist oppdatert
