Tilskot til idrettsanlegg
Kort fortalt
Vil du byggja ein sandvolleyballbane, ein ballbinge eller ein klatrevegg? Du kan søkje kommunen om tilskott til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.
Beskrivelse
Idrettslag kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke. Borettslag og samskipnader kan òg søkje om tilskott til å utvikle eit nærmiljøanlegg, som er eit utendørsområde for egenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge. Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, hugsar, sklier, vippar, klatrehus osb.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell (ballar, racketar osb.) er heller ikkje tilskuddsberettiget.
Målgruppe
Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeninger og borettslag.
Kriterier
Anlegget må vere ope for publikumet og skal ikkje vere basert på forteneste.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
- Kontakt oss for å registrere anlegget i anleggsregisteret
- Vi gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
- No kan du sende inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
- Vi gjennomgår og kontrollerer søknaden, og oversender til fylkeskommunen
- Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene
- Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane
- Fylket løyver eller avslår søknader, og sendar svar til søkaren
- Søkarar som får tilskott, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert tilsendt inn utbetaling av tilskott.
Saksbehandling
Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Du vil få beskjed om at fylkeskommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Fylkeskommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til fylkeskommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Klagemulighet
Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 24.06.2025
Relatert informasjon
Sist oppdatert
