Val til kommunestyret og fylkestinget

Kort fortalt

Kommunestyret og fylkestinget held val kvart fjerde år. Siste kommuneval var i 2023. Neste kommuneval blir i 2027. Ved å stemme er du med på å påverke kvardagen din og lokalsamfunnet ditt.

Beskrivelse

Kven som kan stemme

  • Norske statsborgarar som er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Statsborgarar i andre nordiske land som har vore registrerte busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrerte busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
Korleis å stemmeDu vil få tilsendt eit valkort. På valkortet finn du informasjon om opningstider og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det går raskare for deg å stemme dersom du har det med. Hugs legitimasjon! Gyldig legitimasjon
Du må legitimere deg når du skal stemme. Gyldig legitimasjon kan vere:
  • Pass - utgått pass blir òg akseptert
  • Førarkort - inkludert digitalt førarkort i app
  • Bankkort med bilete
  • Nasjonalt ID-KORT
Når du skal stemme:
  • Ta den stemmesetelen du vil bruke.
  • Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen (sjå rettleiing på valg.no)
  • Brett saman stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut! Då kan ingen sjå kva du stemmer. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag fordi stemmesetelen skal stemplast.
  • Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av stemmesetelen.
  • Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjend. Dersom du gir stemme til fleire val (eks ved lokal- og fylkestingsval)- hugs at alle stemmesetlane må stemplast!
  • Legg sjølv den stempla stemmesetelen i urna.
Kvar du kan stemmeI vallokala
Finn vallokala på nettsidene til kommunen. Heimanfrå
Viss du på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan stemme i eit av vallokala, kan du søkje om å stemme heimanfrå. Ta kontakt med oss i administrasjonen så hjelper vi deg vidare. På institusjon
Er du bebuar, tilsett eller pårørande kan du delta i førehandsstemminga på institusjon. Ta kontakt med resepsjonen på institusjonen for å vite nøyaktig tidspunkt.

Regelverk

Lover


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 22.05.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?