Silvia, Anne Grete, Nina, Anne GretheStord Næringsråd opplever eit lokalt næringsliv som evnar å tenke nytt i ei krevjande tid.

- Det er ikkje tvil om at korona-krisa har gjeve oss ein skikkeleg vekkar. Me har sett korleis lokale butikkar og leverandørar slit, samtidig som dei har vist ei unik evne til å snu seg rundt og gje nye tilbod og serviceløysingar, fortel dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv.

No har Stord Næringsråd i samarbeid med Atheno og reklamebyrået Skag Design & Trykkeri eit mål om å få enno fleire til å nytte seg av lokale bedrifter, både på Stord og i resten av Sunnhordland.

- Denne veka startar Skag Design, på oppdrag frå næringsrådet, med å produsera filmsnuttar til digital bruk i ulike kanalar. Me ser på dette som eit viktig prosjekt for å styrke lokal handel no, men også på noko som noko varig, fortel Sandtorv.

- Me gler oss til å komme ut i kommunane og møte lokale bedrifter og kundar i samband med innspelinga, seier Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl i Skag Design & Trykkeri.

Viktig støtte

Anne-Grete Sandtorv er svært glad for at Stord kommune og fleire andre er med og støttar initiativet.

- Dei gir eit svært viktig signal ved å gjere dette mogleg. Eg vil og rose grannekommunane Bømlo, Tysnes og Fitjar som bidragsytarar til prosjektet.

Ho trur ei auka bevisstgjering og ulike marknadsføringskanalar vil føre til at profesjonelle tilbydarar av varer og tenester skal bli meir brukt.

- Skag Design & Trykkeri har allereie etablert ei facebookgruppe som har fått namnet «Handle lokalt Sunnhordland». Det er ein mykje nytta marknadsføringskanal med ca. 3000 fylgjarar. Og her er det sjølvsagt lov for alle som driv ei verksemd med marknad retta mot forbrukar, å bli med. Det er viktig med eit mangfald og kreativitet knytt til dette.

Lokale bedrifter skapar attraktivitet for dei unge

Ho peikar på openberre fordelar med handle lokalt.

- Du får ikkje eit smil, eller nokon som ynskjer deg ein fin dag vidare i ein nettbutikk med adresse Oslo eller Kina. Og det er vesentleg enklare å gå tilbake til den lokale butikken å byte noko, enn å sende returpakkar i posten og vente i dagevis på nytt produkt. Me må alle hugse at lokale butikkar og produsentar er med og gjer lokalsamfunn levande, og at dei bidreg til trivsel, vekst og attraktivitet for unge menneske som vil busetja seg i regionen vår. Og det er jo dei unge som er framtida, avsluttar Sandtorv.

Bilete: framme: Anne-Grete Sandtorv, Silvia Karlsen, Anne Grethe Skorpen Dahl og Nina Østensjø.