Fyrste skuledag

Til føresette som har born som skal begynna på skulen skuleåret 2020/21

Det vert informasjonsmøte på Tjødnalio skule tysdag 5. november.

På informasjonsmøte får føresette informasjon om skulen og om skulestart. Det blir òg høve til å få svar på spørsmål og eventuelt gjera avtalar om vidare kontakt rundt elevar med særskilde behov. Elevane skal ikkje vera med på informasjonsmøte.                                              

Tid: Tysdag 5. november. kl. 18-19

Stad: Tjødnalio skule, i hallen i storskulen. Me skal sjå etter dykk slik at de finn vegen til hallen.

Me ser fram til å møta dykk som blir førsteklasseføresette. Det er viktig at de møter, også om de har ungar på skulen frå før. Me ber om at de fyller ut vedlagte skjema for innskriving på førehand.

Vel møtt!

Helsing

Kristine Vikanes
Rektor, Tjødnalio skule