Kommunane kan søkja fylkeskommunen om midlar. 
Stord kommune oppmodar utøvarar til å søkja om midlar for å delta i programmet for 2019.  Søknadsfrist er 22. august 2018.
Ei eiga ansvarsgruppe for Den kulturelle spaserstokken  i Stord kommune vil vurdere søknadene for så å senda dei i prioritert rekkjefølgje til Hordaland fylkeskommune. 
 
Den kulturelle spaserstokken i Stord gjev tilbod til fire ulike institusjonar i kommunen. Ideell lengde på programmet er mellom 30 – 45 minuttar.  Større arrangement vert lagt til Stord kulturhus.
 
Stord kommune tek utgangspunkt i honorarsatsane til Norsk forfattarsentrum
Dersom spørsmål, ta kontakt med Guri Andresen Aksnes på mobil 97 55 22 12 eller e-post.