Faktura på eigedomsskatt og eigedomsavgifter vert fordelt på fire terminar. Stord kommune tilbyr no faktura på 12 betalingsterminar.

Ved å betale med AvtaleGiro med e-faktura vil banken sørgje for at fakturaen blir betalt på forfall, og du vil få tilsendt eit varsel med fakturadetaljer i nettbanken. Dette gjer det enkelt å følgje med på kva du skal betale, og når det vil bli belasta kontoen din.

Kva gjer eg?

1. Opprett avtale med banken din. Her er tre ulike måtar å gjere det på:

  • Opprett avtale - Logg deg inn i nettbanken din og finn oss som tilbydar av eFaktura og AvtaleGiro.

Dette gjeld òg dei som har hatt AvtaleGiro på tidligare betalingar til Stord kommune. Om du allereie har e-faktura på betalingane dine til Stord kommune treng du ikkje å endra den avtalen, men du må opprette AvtaleGiro i tillegg.  

  • Tilbod i nettbanken - Når du betalar neste rekning frå oss vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønskjer å oppretta eFaktura- eller AvtaleGiro-avtale. Ved å akseptera tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft. Husk at du må betala rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivisert.
     
  • Kontakt banken -  Kontakt banken din for å opprette eFaktura og AvtaleGiro.

2. Send e-post til rekneskap@stord.kommune.no  Meldinga må innehalde namn, adresse og kundenummer/evt. gards- og bruksnummer.

Oppstartsdatoar for månadleg faktura er: 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober. 

Fordelar med e-faktura

  • Billig ­- Du får ingen fakturagebyr.
  • Enkelt - Du får rekningane dine rett i nettbanken din, ferdig utfylt.
  • Oversiktleg - Alle rekningar vert lagra i nettbanken. Når du får ein ny rekning, får du beskjed.
  • Praktisk - Du kan betala rekningane dine når som helst, kvar du enn er.
  • Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og belastningskonto. Du kan også stoppa betalingen.
  • Tidsbesparande -  Du treng ikkje å forholda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.

Fordelar med AvtaleGiro

  • Billig - Du får ingen fakturagebyr og rekningane vert alltid betalt i tide slik at du unngår purringar.
  • Enkelt - Banken sørger for at rekningane vert betalt automatisk på forfallsdato.
  • Tidsbesparande - Du treng ikkje å forholde deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.
  • Oversiktleg - Du har full oversikt i nettbanken. Før forfall vil du motta ein varsling om kommande trekk.
  • Fleksibelt - Du kan endra forfallsdato, beløp og belastningskonto, eller stoppa betalingen i nettbanken.

Meir informasjon om elektroniske betalingsformer sjå www.efaktura.no og www.avtalegiro.no