Målet med rehabilitering er å auke eller vedlikehalde ditt funksjonsnivå, slik at du kan meistra å vera aktiv i eigen kvardag.

Me tilbyr eit individuelt rehabiliteringstilbod med tverrfagleg oppfølging av fysio- og/eller ergoterapeut, sjukepleiar/hjelpepleiar/anna helsepersonell. Samarbeid med logoped vert oppretta ved behov. Me jobbar saman med deg mot eit avklart mål. Du vil få trening individuelt og i gruppe. 

Du som brukar er den viktigaste samarbeidsparten og me legg stor vekt på kva som er viktig for deg. Avdelinga har treningssal og tilgang på varmtvassbasseng. Søkjar må ha eit tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering, som er så omfattande, at det er behov for eit heildøgnsopphald i institusjon med ein intensivt rehabiliteringsprosess.

Rehabiliteringsopphald kostar: kr 165,- pr døgn. Les meir om rehabiliteringsopphald her.

Det er Tildelingskontoret i Stord kommune som fattar vedtak om tenester. Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester finn du her.