Hjortestamma har vore sterkt aukande i fleire tiår i Stord og Fitjar. Resultatet av vårteljing i Fitjar kommune i perioden 2015 til 2021 viser 254 dyr registrert i 2015 med auke til 561 dyr registrert i 2021. Les rapport om vårteljing av hjort i Fitjar kommune 2021 her Bestandsutvikling og statistikk for «sett og skutt» i hjorteviltegisteret, syner òg ein sterk auke over mange år.
Tildeling av fellingsløyve for 2021 er difor vedteken i dokumentert utvikling i stammen, og med grunnlag i forslag til nye forvaltningsmål og forslag til bestandsplan for Stord og Fitjar.
Forslag til nye forvaltningsmål er utarbeida av Norsk hjortesenter, og ligg ute på høyring. Planane skal leggast fram for politisk handsaming i haust. I Forvaltningsplanen er det skildra gode tiltak for å stogge bestandsveksten og redusere vinterbestanden gjennom auka totaluttak med ein større del av kalv og ungdyr.
Fordelinga av jaktuttaket 2021:
- For både bestandsplanområde og for dei som får målretta tildeling vert det sett krav om at kalv og ungdyr bør utgjere om lag 65-70 % av årleg uttak ( jmf. Forvaltningsmål for Stord og Fitjar).
- Kalv skal utgjere minimum 35 % og spissbukk maksimum 15 % av samla uttak.
- Maksimum 35 % eldre dyr der eldre hanndyr kan utgjøre maksimalt 15 % av samla jaktuttak.
- Fordelinga mellom kjønn skal vere lik samla sett for dyr 1,5 år og eldre. jmf. Forslag til bestandsplan.
Tildelinga 2021:
- Tildeling av hjorteløyve for Fitjar vert ein auke frå 251 dyr i 2020 til 319 dyr.
- Tildeling av hjorteløyve for Stord vert ein auke frå 223 dyr i 2020 til 259 dyr.
Informasjon om nye digitale funksjoner i Hjorteviltregisteret
Frå og med jakta 2021 kan valdansvarleg representant levera fellingsrapporten elektronisk i Hjorteviltregisteret.
- Miljødirektoratet informerer her om nye digitale moglegheiter i samband med utsending av fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein, samt elektronisk levering av fellingsrapporter i Hjorteviltregisteret.
- Korleis levere elektronisk fellingsrapport for valdansvarlege
- Kva gjer kommunen når valdansvarleg har levert elektronisk felllingsrapport