Tilskotsordninga tek sikte på gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/ omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. 

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplanen til kulturminneplan, som til dømes kurs og formidling.

Kulturminna som er prioritert av kommunen er nemnd i kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø samt bygningsvernplanen. Planane finn du ved å klikka på denne lenka.

Søknaden må ha ei kort skildring av tiltaket med finansiering- og framdriftsplan. Elektronisk søknadsskjema finn du ved å klikka på denne lenka.

Dersom du lurar på om ditt prosjekt er aktuelt for tilskotsordninga kan du kontakta eining for kultur: 
E-post: kulturtenester@stord.kommune.no
​Telefon: 53 49 69 65