Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogeleg ha låge eller ingen kostnadar.

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem. Saman med barn og ungdom inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som inneber at:

  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer  

Les meir om tilskotsordninga og søknadskjema på Bufdir si nettside

Spørsmål til tilskotsordninga kan rettast til kommunen sin kontaktperson på tilskotsordninga, Førebyggande tenester Birthe Blokhus, epost: birthe.blokhus@stord.kommune.no​