Særskilde miljøtilskot i jordbruket SMIL

Søknadsfrist 15. mai

Gjeld tilskot til tiltak som fremjer natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og reduserer forureining frå jordbruket.

Eigar eller leigar av landbrukseigedom der det er jordbruksproduksjon med rett på produksjonstilskot, kan søkje om SMIL tilskot. Den som leiger må ha godkjenning frå eigar.

Døme på aktuelle tiltak er

  • istandsetting av kulturlandskap
  • kulturminne
  • bygningar.

Tiltak som reduserer forureining frå jordbruket kan vera

  • tak over eksisterande gjødsellager
  • flaumdempande tiltak
  • erosjonssikring.

Søk om SMIL tiltak på Landbruksdirektoratet si side

Lokale tiltaksstrategiar for 2020-2023 finn du her 

 

Tilskot til investering i beiteområde

Søknadsfrist 15. mai

Gjeld tilskot til tiltak som bidreg til å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan søkje. Enkeltføretak kan søkje når det på grunn av naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.

Døme på aktuelle tiltak er

  • elektronisk overvakingsutstyr og gjerde
  • sankegardar
  • sperregjerde

Søk om tilskot til beiteområde på Landbruksdirektoratet si side

Lokale tiltaksstrategiar for 2020-2023 finn du her

 

Tilskot til drenering av jordbruksareal

Innkomne søknader vert handsama fortløpande fram til 1. november

Eigarar og leigetakar av jordbruksareal kan søkje om tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og til planerte areal, som ikkje er grøfta.

Det vert ikkje løyva dreneringstilskot til søkjar, dersom tiltaket er påbegynt før søknaden er handsama.

Satsen er kr 2000,-pr daa systematisk grøfting. For usystematisk grøfting er satsen kr 30,- pr meter.

Søk om tilskot til drenering av jordbruksjord på Landbruksdirektoratet si side

 

Ta kontakt 

SMIL og investering i beiteområde: Aase Rygg Nøttveit, asno@fitjar.kommune.no, tlf 53 45 85 48

Tilskot til drenering: Anette Mek Vik, anevik@fitjar.kommune.no, tlf. 53 45 85 40