Logo, TilskuddsportalenTilskuddsportalen, logo2
 
Portalen har over 1500 tilskot og er eit verkty for å finna tilskot og støtte til gode prosjekt og å samhandla innanfor kommunen. Det er gratis å bruka Tilskuddsportalen for lag og foreiningar i Stord. 
 
Her kan lag og foreiningar :
  • Finna tilskot å søkja på
  • Lesa siste nyhende om tilskot
  • Dela informasjon og læra av kvarandre 
  • Motta viktig informasjon frå kommunen 
  • Få eit månadleg nyhetsbrev med tips om tilskot
 
Tid : Tysdag 21. april kl. 18.00 – 20.00  
Stad : Stord Kulturhus, småsalen
 
Program
 
Anne-Grethe de Geus fra Tilskuddsportalen kjem for å snakka om:
  • Generelt om tilskot og korleis forvaltarar prioriterer
  • Tips til betre søknadsskriving
  • Korleis bruka Tilskuddsportalen for lag og foreiningar 
Kvart lag/foreining kan melda på maks. to personar. 
 
Sunnhordland Amatørkulturråd er medarrangør for kurset.
 
 
Påmeldingsfrist er 15. mars 2020.
 
Velkomen til kurs!
 

Informasjon til lag og foreiningar

Lag og foreiningar må gå til Tilskuddsportalen, ev. søkja opp Stord kommune, velga «Tjeneste for Lag/foreninger» og registrera seg/logga inn.
Når eit lag/foreining registrerer seg på Tilskuddsportalen, mottek supportavdelinga til Tilskuddsportalen automatisk denne førespurnaden om tilgang. Dei gir tilgang dersom det er eit veldedig lag eller foreining, at foreininga er registrert med adresse i kommunen, og at det er eit styremedlem eller annan relevant person i foreininga som ber om tilgang. Dei gjev tilgang til inntil 3 personar pr. lag/foreining. Dette blir manuelt sjekka og tilgangen blir gitt innan ein arbeidsdag.