GrandPrix

Siste fredag før vinterferien var heile skulen samla i gymsalen for årets store høgdepunkt, nemleg Tjødnalio Grand Prix! Elevane frå 4. - 7. trinn kan melda seg på konkurransen i fire kategoriar; song, instrument, open klasse og dans. Det var utruleg mange flott bidrag, og det var mange vaksne med tårer i augo. Me vert veldig stolte over dei flinke elevane. Både dei som opptrer, og dei som sit i salen. Publikum er gode til å støtta dei som står på scena, dette skapar ei trygg ramme for arrangementet.

Nedanfor ser du fleire bilete av Tjødnalio Grand Prix.