Etter to år med avlysingar, kunne me endeleg gjennomføra Tjødnalio Grand Prix. Med fullsett sal og flott og variert program, var dette ei topp avslutning siste dag før påske. Kategoriane var song, dans, instrument og open klasse. Både dei på scena og publikum presterte på høgt nivå. Me var både rørt og stolt av alle elevane på skulen i dag.