Endeleg kunne me samla heile skulen igjen og gjennomføra kulturkvelden slik me har tradisjon for. Tema gjenspeglar det gode miljøet me har hatt på skulen sidan den var fulltallig hausten 1991. Samstundes som miljø og speglar samfunnet me lever i og at me treng ta vare på miljøet på kloden vår. 

Kvelden starta med utekonsert, der alle elevane på skulen utgjorde eit felleskor. Me fekk høyra mange flott songar av flinke solistar, som fekk med seg eit kor på over 200 elevar med full trøkk på refrenga. Det er lett å bli både rørt og stolt av den fine elevflokken vår.

Heile skulen har dei siste vekene jobba mot denne kvelden. Elevane har vore organisert i grupper på tvers av trinn, alle elevane har vore på alle stasjonane, og alle lærarane har fått vera med alle elevane. Slik har me blitt enno betre kjent med kvarandre. Det er lenge sidan me har kunna jobba på denne måten no.

Kulturkvelden er eit resultat av iherdig innsats frå elevar, alle dei vaksne på skulen og føresette. Tusen takk for all hjelp til matlaging, kafesal og rydding. Det set me svært stor pris på!

Nedanfor kan de sjå bilete frå øvingar, framføring og utstilling.