Kan vi alle bli omsynslause torturister om vi hamna i feil miljø?
Før andre verdskrig arbeida Max Rook som murar i Bergen. Ved krigens start hamna han som tolk hos Gestapo, det hemmelege tyske sikkerheitspolitiet i byen. I løpet av få år blei han ein brutal torturist i møte med norske fangar. Han deltok i fleire raid for å arrestere motstandsfolk på Stord, Bømlo og i Hardanger.
 
Etter krigen blei han dømt til døden og henretta.
 
Var han eit monster og eit udyr slik mange såg på han i ettertid, eller kunne dette skjedd med mange?
 
Journalist og forfattar Kristin Aalen har gått igjennom landssvikmappa til Rook og henta minne frå hans etterkomarar. I tillegg trekk ho inn forsking av sosialpsykologer og filosofar for å sirkle inn korleis eit heilt vanleg menneske kan gjera grufulle handlingar.
 
Pris: 100 kr. Kjøp billettar på stord.kulturhus.no/kulturprogram eller i kiosken i Stord kulturhus.
 
Arrangør: Stord kulturhus og Stord bibliotek.