Forslag til medlemmer eller ønske om å vera medlem må sendast til Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord eller via post@stord.kommune.no, merk “Kontaktutvalet”.
Kontaktutvalet skal vera høyringsinstans og rådgjevande organ for kommunen, og kan vera eit talerøyr for innvandrarar/flyktningar i Stord kommune.
Kontaktutvalet skal bestå av 6 medlemmer og varamedlemmer.
- Tre av medlemmane vert valde blant innvandrarar og flyktningar tilhøyrande i kommunen.
- Dei tre politiske medlemmane er oppnemnde av kvart av dei politiske utvala.
Leiar er Anne Kristin Aaseth (H).
For meir informasjon om kontaktutvalet: Kontaktutval for innvandrarar og flyktningar - Stord kommune
Kontaktutvalet skal ha som oppgåver å
- Sikre formidling av kunnskap om og status for innvandrarar og flyktningar i lokalsamfunnet
- Utvalet kan gje høyringsuttalar i politiske saker som gjeld flyktningar og innvandrarar.
Kontaktutvalet kan også:
- Ta initiativ til tverrkulturelle arrangement/tiltak i Stord.
- Ha fokus på integrering generelt, likestilling og kvinner og barns kår.
Godtgjersle
Dei som vert valde, vert godtgjort i tråd med retningslinene for innbyggjar- og brukarmedverknad i planlegging og utvikling av Stord kommune sine tenester.
Kontakt
Har du spørsmål kontakt fellestenester på telefon 53 49 66 00, eller på e-post post@stord.kommune.no