frontbilde

Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage, med ein avdeling for store barn og ein avdeling for små barn. Avdelingane vert delt opp i mindre alderhomogene grupper, med 2 grupper på småbarnsavdelinga og 3 grupper på avdelinga for store barn. På gruppene jobbar barna i prosjekt og tilrettelagte aktivitetar, og dei går på tur i nærmiljøet. I tillegg har dei fruktmåltid,lunsj. kvilestund og mellommåltid på gruppene.

Me ynskjer at det totale barnehagetilbodet skal vere eit sterkt inkluderande fellesskap for barn og vaksne.

Avdelingane og gruppene finn du til høgre på denne sida.

Søk plass her

 

Tilbodet vårt

  • Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15.
  • Me held stengt 4 veker i juli, f.o.m. veke 27, t.o.m veke 30. I 2018 skal sommarbarnehage for dei kommunale barnehagane vera hjå oss. Då held me stengt berre i veke 29 og 30
  • Ferie skal meldast inn innan 1 mai kvart år, og barnet skal ha minimum 3 veker samanhengande ferie. Det er høve til å søke plass i sommarbarnehagen dei to første vekene, om de alt har avvikla ferie innan veke 28.
  • Me har 5 planleggingsdagar pr. bruksår.
  • Me fyljer Stord kommune sine betalingssatsar og vedtekter.
  • Barnehagen tilbyr mat, melk og frukt medan barnet er i barnehagen. Dette er til sjølvkost, med 300 kr for 100% plass, og 180 kr for 60% plass. Det vert ikkje gitt høve til å reservera seg frå delar av tilbudet. Meir om mattilbodet vårt finn du i barnehagen sin årsplan.  

Gunnhild og barna

Visjon og verdiar

Vår visjon er; "- ein del av den gode barnsommen".

Me har stor tru på det kompetente barn. Barn som gjennom leiken er forskande og nyfiken i sin iver etter ny kunnskap.

Me jobbar i prosjekt saman med barna. Tema for desse prosjekta tek utgangspunkt i interessa til barna.

Me bruker pedagogisk dokumentasjon som verktøy for å vidareutvikla det pedagogiske innhaldet i barnehagen. 

Dokumentasjon frå prosjekt

IMG_0970.JPG

Barnehageruta