I staden for vandrande bøsseberarar vil det i veka før aksjonen bli sett ut nokre «innsamlingsstasjonar», slik at dei som ynskjer å gje kontantar får høve til det. Informasjon om kor innsamlingsstasjonane skal stå, kjem når det nærmar seg.
Om skuleklassar, lag- og organisasjonar eller andre ynskjer å organisera ei innsamling er det mange gode forslag til aktivitetar på nettsida til TV-aksjonen. I tillegg er det (seier dei som har gjort det) lett å laga si eiga digitale bøsse på Spleis – slik at pengar som vert samla inn vert merka med laget/gruppa sitt namn/prosjekt. Informasjon om dette finn de her https://www.barnekreftforeningen.no/bidratv
Frivilligsentralen vil hjelpa til med å ta i mot kontantar og få levert dei til Sparebanken Vest, som er samarbeidspartnar.
I år går TV-aksjonen til Barnekreftforeningen. Målet er å hjelpa barn som er ramma av kreft og andre alvorlege sjukdomar. For pengane frå TV-aksjonen ynskjer Barnekreftforeningen å etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Her skal foreldre og sysken lett kunna bevega seg mellom sjukehus og familiehuser slik at dei kan leva eit tilnærma normalt kvardagsliv. I familiehusa vil det og vera rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, vener og andre som er tett på og er viktige i familiane sitt liv.