meistring.JPG

 

Dette synest me er gøy

Me på Tyrihans synest det er gøy å vere ute! Me brukar leikeplassen i barnehagen og "Haugen" som er vårt naturområde tilknytta barnehagen sitt uteområde. Me synest det er gøy å utforske og eksperimentere. Inne synest barna det er kjekt med formingsaktivitetar, leike, spele brettspel og lese bøker. Barna kan i stor grad sjølv finne det dei treng av formingsmateriale og leiker. 

Språk, Sosial kompetanse og Friluftsliv

Dette året er satsingsmråda våre "Ein inkluderande barnehage og skule" og "Språkkommune-prosjektet" Me skal bygge gode relasjonar mellom barn og vaksne, og  jobbe med å inkludere kvarandre i leiken. Me skal ha eit autoritativt klima  i heile barnehagen med fokus på vaksne som set krav og samtidig gir mykje omsorg til barna.

Språk: På Tyrihans jobbar me med det metodiske opplegget "Språksprell" og  Snakkepakken.
Turdag: På turane våre brukar me det flotte nærmiljøet vårt. Turane går ofte til Hustrudalen, Gapahuken ved Utslettefjellet, Nysæterneset og banevegen, idrettsplassen osv. Barna går på turar med barna tilhøyrande si aldersgruppe.

Førskulebarna:

Språkesprell; leik og bevsstgjeringa av språket.
"Min tur" er populært, der barna får bestemma turmål og kva ein vil gjera på tur.
"5 på topp" Til våren gjennomfører alle 5-åringane "5 på Topp" der dei bestiger fem lokale fjelltoppar.
Gymsal: Me låner gymsalen på Sagvåg skule. Det er svært populært og ein fin moglegheit for førskulegruppa til å verta kjent med ein skule.

På denne avdelinga jobbar:

  • Irene Nilsen Vinje- pedagogisk leiar 70% stilling
  • Mariann Steinsland -  pedagogisk leiar 50% stilling
  • Marita S. Eriksen - fagarbeidar 100 % stilling
  • Marcus Kvarme - lærling 100%