Stord kommune har i fleire år hatt «ung i helse» som eit tilbod til yngre ungdomar som har hatt lyst på ein sommarjobb innan helseområda i kommunen, Ungdomane har hatt arbeidsoppgåver «på toppen» av den ordinære bemanninga der dei har gjort seg kjend og fått erfaring med å jobbe i helse. I desse åra har me møtt mange flotte ungdomar, fleire av dei ha kome att som ferievikarar, som faste tilsette og viktige vikarar i tenestene. Grunna den økonomiske situasjonen i Stord kommune, vert det desverre ikkje «ung i helse» sommaren 2024.

Stord kommune har framleis trong for fleire ordinære ferievikarar innan helseområda. No oppmodar me særleg ungdomar som tidlegare har delteke «i ung i helse» om å søkja sommarjobb. For ungdom med erfaring frå «ung i helse» eller som på anna vis har jobba innan tenestene, eller for ungdom som tek helsefagleg utdanning på vidaregåande, så kan me ta imot ungdom under 18 år. Me vil også vurdera å gje ordinær sommarjobb til yngre ungdom som er veldig motivert for og/eller planlegg ei helseutdanning.

Velkomen til å søkja sommarjobb i Stord kommune.

Søk sommarjobb

ID 2122 Ferievikarar 2024 - Rehabilitering, helse og omsorg - arbeidsplassen.no (nav.no)

Søknadsfrist er 29. februar 2024.

Me har behov for ferievikarar i perioden 24.06.24 - 18.08.24 i følgjande tenester

  • heimebaserte tenester
  • innanfor tenester til personer med utviklingshemming
  • institusjon
  • psykisk helse og rus 
  • kjøkken/vaskeridrift