Endringa opnar for at personar som er busett i, og som kjem til Noreg frå Schengen- og EØS-område for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ikkje er frå dei landa som er unnateke karanteneplikt, likevel kan sleppe karantene dersom dei testar negativt på viruset SARS-Cov-2.

Det er arbeids- eller oppdragsgjevaren i Noreg som er ansvarleg for organisering, gjennomføring og finansiering av testing. Dei som ønskjer testing i denne samanhengen skal kontakte den aktuelle verksemda, og ikkje den kommunale koronatelefonen.

Alle bedrifter med bedriftshelseteneste kontaktar si bedriftshelseteneste for å få utført test.

Kommunal koronatelefon og luftvegsmottak vil framleis vere kontaktpunkt for dei som har spørsmål i samband med symptom på mogleg sjukdom og karantenereglar.

Dersom du er sjuk og treng vurdering, skal du kontakte fastlegekontoret ditt.

Forskrift om endring i covid-19-forskriften