Stord kommune sitt utsmykkingsford eig mykje interessant kunst, som til vanleg heng i ulike kommunale bygg på Stord. No får alle høve til å oppleva ein stor del av samlinga under eitt tak.

Opning laurdag 9. februar kl. 12.00.

Musikalsk innslag med Marita Kjetland Rabben og Ingrid Vetlesen
Opning ved Marit Tislevoll Odland

Utstillinga er open tysdag 12. og torsdag 14. februar, kl. 18.00-20.00

Kunstnaren bak biletet ovanfor er Anders Kjellesvik.